Mobilnettet fungerer som normalt

Øystre Slidre kommune fekk kl 2325 bekrefta frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet at feilen som oppsto på mobilnettet tidlegare på kvelden nå er retta. 

Alt skal no fungere som normalt.

(Denne meldinga vart publisert kl 2330 den 19. april 2024)

Samarbeidsavtale mellom Øystre Slidre kommune og hyttelaga i kommunen

Øystre Slidre kommune er ein kommune med mange hytteeigarar/deltidsinnbyggjarar, og utbygging og bruk av hyttene i kommunen er ei viktig næring. Kommunen ønskjer å legge til rette for at deltidsinnbygggjaren trivst og bruker hytta si ofte, gjerne så ofte at hytteeigaren vel å flytte og bu på hytta som heitidsinnbyggjar.

Gode og velfungerande hyttelag/hyttevellag er viktig for å vidareutvikle Øystre Slidre som ein god hyttekommune. Føremålet med samarbeidsavtalen er å legge til rette for eit godt samarbeid mellom kommunen og hyttelaga/hyttevellaga.

Partar i avtalen er Øystre Slidre kommune og hyttelaga/hyttevellaga i kommunen. Ved inngåing av avtalen er desse laga part i avtalen:

  • Beitostølen Hytteforening
  • Javnlie Vel
  • Vangsjøen Vel
  • Øystre Beitostølen Vel
  • Garlivegen Hytteeierforening
  • Luskeråsen vel
  • Midthøgde og Søndre Rennsenn Vel
  • Øyangen Vel

Nye hyttelag/hyttevellag som blir etablert i kommunen skal kunne slutte seg til avtalen.

Partane skal ha møte to gonger i året, eit om våren og eit om hausten. I møta vert følgjande saker orientert om eller drøfta:

  • Planar (kommuneplan/kommunedelplan, reguleringsplanar, temaplanar) med relevans for hytteeigarar
  • Investering og drift av infrastruktur knytt til hytte-områda t.d. veg, turvegar/løyper, renovasjon, vatn og avløp, breiband
  • Økonomiplan med budsjett (m.a. eigedomsskatt) med relevans for hytteeigarane
  • Helse og omsorgstenester for hytteeigarane
    Desse var samla på møtet der innhaldet i avtalen vart fastsett.

Avtaledokumentet finn du her (PDF, 2 MB).

Desse var samla da avtala vart underteikna: