Skulestart i Øystre Slidre

Måndag 17.august startar skulen for alle elevane i Øystre Slidre.

Skulane har hatt fire gode planleggingsdagar, og er klare til å motta elevane på måndag. Her er praktisk informasjon før oppstart: 

  • Bussane: går som normalt. Frå og med måndag vil dei opne opp døra framme og elevane brukar busskort. 1. klasse får busskort i løpet av dei fyrste dagane på skulen.
  • På gult nivå blir det slik at de ikkje kan kome inn på skulen utanom avtalte møte og henting på SFO.
  • Når de de deltek på møte på skulen er det viktig å vaske hendene når de kjem og når de går.
  • Elevane må fortsatt ha med seg klesskift fram og tilbake til skulen. Kan ikkje henge att på skulen.
  • Elevane skal ha med seg innesko (barneskulen). Dei kan bli ståande att på skulen.
  • Bøker: elevane kan no legge att bøker i hyllene sine.
  • Mat og drikke: elevane tek med seg matpakke, drikkeflaske og frukt på skulen. Dei vil få utdelt mjølk, men det er ikkje sikkert det er klart til fyrste skuledag sjølv om de har bestilt i forkant. Det blir servert mat på SFO.
  • I pennalet: vi skal helst ikkje dele skrivesaker ol. Derfor bør elevane ha blyant, farger, viskelær, linjal, saks og limstift i pennalet sitt.
  • Alle ekstra pyntegjenstandar som heng på sekkane eller pennalet må takast av. Det skal ikkje vera med på skulen.

Bussrutene er som tidlegare. Rutetider kan ein finne på entur.no. Det er organisert stølsskyss for dei som har bestilt det.

I forhold til smitteforebyggande tiltak startar skulen på gult nivå. Det er det same nivået vi avslutta på før sommaren, men det er nokre justeringar i rettleiaren for skulen. Nedanfor har vi satt opp nokre av punkta som gjeld for alle skulane i kommunen:

  • Alle elevane har skule kvar dag til ordinær tid
  • SFO har ordinær opningstid
  • Alle kan ta skulebuss på vanleg måte
  • Ei klassse er ein kohort. To og to kohortar kan samarbeide og ha felles uteområde. Skulane har delt opp skuleplassen til dei ulike gruppene, men vi merkar ikkje opp med sperreband frå skulestart. Sjå informasjon om dei ulike områda under kvar skule.
  • Det vil bli utlevering av mjølk på skulane. De kan bestille mjølk på www.skolelyst.no 
  • Vi har hovudsakleg kroppsøving ute, men ein kan nytte garderobar. Dette gjeld ikkje ØSUS då garderobane er under renovering.
  • Alle fag vil bli gjennomført på skulen, inkludert mat og helse
  • Skulebygga vil ikkje vera opne for anna bruk enn drift av skule og kulturskule
  • Elevar med milde luftvegssymptom og sjukdomsfølelse skal vere heime. Dei kan kome tilbake til skulen når allmenntilstanden er god

Dersom elevar har vore på tur i land som er/var kategorisert som raude, og derfor sit i karantene, ynskjer skulen informasjon om det.

Informasjon om oppmøte fyrste skuledag på den enkelte skule:

 

Lidar

  • 1. klasse møter på fotballbanen
  • 2. klasse møter ved leikeapparata og inngangen sør. Gå stigen frå parkeringsplassen
  • 3. og 4.klasse møter ved inngangen nord
  • 5.klasse møter på baksida, som i vår
  • 6. og 7.klasse møter i området ved handballbanen

Rogne:

  • 1. og 2.klasse møter oppe på skuleplassen ved leikeapparata
  • 4. og 5. klasse møter bak skulen ved fotballbanen
  • 3. og 6. klasse møter ved området frå ballbingen og opp til hovudinngangen
  • 7. klasse møter ved hanballbanen

ØSUS:

  • 8. trinn møter bak ved fotballbanen
  • 9. trinn møter ved inngangen til kulturskulen mot parkeringsplassen
  • 10. trinn møter på framsida av skulen

Elevane blir møtt av lærarar frå trinnet sitt når dei kjem på skulen.

Smittevernrettleiarar

Her finn du aktuelle smittevernrettleiarar 

Informasjonsskriv om skuleskyss

Informasjonsskriv om skuleskyss for skuleåret 2020 - 2021. (PDF, 3 MB)

Velkommen til skulestart!

Kontaktinfo

Sissel Dahle Lie
Rektor Lidar skule
E-post
Telefon 61 35 26 02
Mobil 996 90 813
Kjersti Hedalen-Heggset
Rektor Rogne skule
E-post
Telefon 61 35 24 81
Mobil 917 23 553
Siv Theodorsen
Rektor ØSUS
E-post
Telefon 61 35 25 63
Mobil 417 61 631