Søknad om SMIL-tilskot

Øystre Slidre har ein vedteken SMIL-strategi for kommunen. Denne strategien bygger på nasjonale retningsliner, men gjev rom for ein del lokale tilpassingar. Det er i denne strategien prioritert å støtte tiltak som kan hindre ureining. Mange har gamle og verneverdige bygg, som treng eit vedlikehald om dei ikkje skal gå til grunne.

Kommunen oppfordrar dei som har aktuelle bygg om å ta kontakt, slik at vi saman kan koma fram til løysingar som kan redde kulturarven. Vidare er det no eit sterkt prioritert område å nytte SMIL-midlar til mindre investeringsprosjekt på stølane. Dette gjeld t.d. bygging av mjølkerom, tilrettelegging for mjølkehenting og anna.

Kommunen prioriterer mellom ulike hovudområde, tema/tiltak eller grupper av søkjarar. Tilskotsprosenten for tiltak varierer innan ulike tema. Tiltak av plankarakter har høg prosent. Det same der den privat-økonomiske nytten er liten, men der samfunnsnytten er høg. For å stimulera til fellesløysingar er tiltaksprosenten høgare der enn for enkelttiltak.

Søknadar levert innan 12. juni 2023 blir prioritert.

SMIL-strategi for Øystre Slidre 

Vedteken SMIL-strategi kan du lese her (PDF, 846 kB)

Søknadsskjema

Søknad om SMIL-midlar skal leverast på elektronisk skjema via Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Her finn du meir informasjon om ordninga og søknadsskjema

Kontaktinfo

Gustav Fystro
Jordbrukssjef
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 91 00 44 68