Staten løyver 600 mill. kr til etablering av kommunale næringsfond

I budsjettvedtaket frå Stortinget 19. juni vart det løyvd 600 mill. kr som skal gå som ei eingongsløyving til etablering av kommunale næringsfond. I fylkesfordelinga har Innlandet fylke fått 65,6 mill. kr. Midlane skal gå uavkorta til kommunane. Fylkeskommunen vil fordele løyvingane, men skal prioritera dei kommunane som er hardast ramma av høg ledigheit som følgje av covid-19.

Midlane skal sette kommunane i stand til å legge til rette for økt aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar og potensial.

Målgruppa er bedrifter og næringsaktørar. Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte, og til andre næringsretta tiltak som kommunane meiner er viktige for å motverke negative verknadar av koronavirusutbrotet. Det skal leggast vekt på kva betyding ei satsing har for arbeidsplasser, verdiskaping og økonomisk aktivitet.

Viktige kriterier for kommunens vurdering av søknad om midlar er:

  • Utvikling i sysselsetting og talet på arbeidsplassar
  • Utvikling i verdiskaping og økonomisk aktivitet

Kommunane skal ta i bruk nettsida «Regionalforvaltning.no» i si kunngjøring av tilskotsmidlane og til rapportering. Søker skal sende søknaden gjennom regionalforvaltning.no.

Øystre Slidre kommune vil legge ut ny informasjon om ordninga på nettsidene etter kvart som det ligg føre, men ein kan ikkje rekne med at det vil vere mogleg å søke på prosjekter innanfor denne ordninga før tidligast 1.august.