Stormskader på skog i Øystre Slidre

Det vart ein del vindskader på skogen i Øystre Slidre i samband med uværet , og det ligg ein god del skog nede fleire plassar.

Det er viktig at alle skogeigerar gjer seg kjent med situasjonen i eigen skog. Har du stormskader må du sjekke om du har stormskadeforsikring. Dei som har forsikring hos Skogbrand må melde skade. Dette kan du gjere her. https://www.skogbrand.no/meld-skade

Det er viktig at det blir meldt skade til forsikringsselskapet så fort som mulig, og det må ikkje startast hogst før forsikringsselskapet har taksert skaden.

Opprydding av vindfall er et farlig arbeid. Arbeid med vindfall må berre utførast av personar med kompetanse til dette

Viken Skog arbeider med å legge ein plan for opprydding slik at kapasiteten på hogstmaskiner kan bli best mogleg utnytta. Ta kontakt med skogbruksleiar om du hatt skade og har behov for hjelp til oppryddinga.

Kontaktinfo

Tale Nedberg
Utmarksforvaltar
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 94 86 38 11