Stortings- og sametingsvalet 2025 - tidlegrøysting

Valdagen er måndag 8.september, i Øystre Slidre kommune har vi 2-dagars val og ope vallokale også sundag 7.september. Det er høve til å tidlegrøyste i perioda 1.juli til 8.august.

Om ordninga

Tidlegrøysting er meint som eit tilbod til dei som ikkje har høve til å røyste i ordinær førehandsrøysteperiode (11.august til 5.september), eller valdagane. Dette er ei forenkla valordning der ein nyttar generelle røystesetlar.

Slek gjer du om du vil tidlegrøyste

Ta kontakt med kommunen sitt sentralbord på tlf 61 35 25 00 eller send ein e-post til post@oystre-slidre.kommune.no

Du vil bli kontakta og vi avtalar tid for deg til å komme til Tingvang for å tidlegrøyste innanfor ordinær opningstid som er kl.08.00 - 15.00.

Hugs å ta med legitimasjon!

Kontaktinfo

Kontakt Øystre Slidre kommune
E-post
Telefon 61 35 25 00

Kartpunkt