Til korona-isolerte

Vi hjelper deg med handling og andre praktiske oppgåver. Øystre Slidre kommune v/Frivilligsentralen er koordinator for hjelpeoppdrag og frivillig innsats i desse koronatider.

Personar som er i isolasjon/karantene eller av andre grunnar som følgje av koronautbrotet, ikkje får utført praktiske gjeremål t.d. handling av matvarer, kan ta kontakt med Frivilligsentralen for å få hjelp - tlf.97 60 57 55.

Vi har mange frivillige som kan hjelpe til med:

  • Handling for deg som ikkje kan handle matvarer sjølv
  • Ringe-venn for deg som ynskjer å ha nokon å prate med
  • Andre omsorgsoppgåver som ikkje krev kompetanse som helsepersonell
  • Transportoppdrag av ulike slag
  • Gje informasjon til dei som treng det
  • Pass av barn for deg som har samfunnskritiske funksjonar (den frivillige har politiattest)

Rutiner for handlehjelp

Du ringer Frivilligsentralen for å få hjelp til levering - tlf.97 60 57 55.

Du bestiller sjølv varene i butikken og gjer avtale med butikken om direkte oppgjer. Bestilling av varer må skje innan kl.12.00 og utkjøring vil skje i tidsrommet kl.16-18. Butikkpersonalet legg kvittering på varekjøpet saman med dei innpakka varene. Dei frivillige har signert teieplikt og har med seg ID-kort som visast ved henting av varer.

Den frivillige leverer varene på trappa di, ringer/bankar på og går. Den frivillige skal ikkje gå inn i bustaden eller ha fysisk kontakt med nokon i husstanden. Den frivillige skal heller ikkje gjere andre oppgåver som til dømes ta i mot og kaste avfall, pant eller esker. Den frivillige skal ikkje ta i mot pengar eller ta i mot retur av noko slag. Det skal brukast eingongshandskar som vrengast og kastast i søppeldunk med ein gong.

Så langt har vi avtale med desse butikkane

Joker Heggenes - tlf 61 34 00 75

Coop Prix Heggenes - tlf 61 34 29 90

Kiwi Beitostølen - tlf 61 34 19 63

Coop Prix Beitostølen - tlf 40 02 79 71

Spar Beitostølen - tlf 61 35 23 20

Treng du ein frivillig til å hjelpe deg?

Ta kontakt med Frivilligsentralen på tlf 97 60 57 55 (08-16 på kvardagar).

Kontaktinfo

Frivilligsentralen
kl 8-16 kvardagar
Mobil 97 60 57 55