Mobilnettet er nede

Frå Statsforvaltaren i Innlandet har kommunen fått melding om at det har oppstått dekningsbortfall i mobilnettet i Innlandet, i området rundt Beitostølen. Det er anteke at årsaka er fiberbrot.  Telenor melder om sterk redusert til ingen dekning rundt Fagernes, Beitostølen, Hovda fjellhotell, Nythun høyfjellstue, Vangsmjøsa og Tyin-fjorden. I tillegg har ca. 2 500 av Telenors breibandskundar mellom Søndre Land og Vang mista forbindelsen. Ice og Telia har utfall og forstyrrelser i mobilnettet i same område. 

Frå nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er det kl 2034 meldt at ein reknar med at dekning bør vere tilbake innan midnatt.

Råd til brukarar (frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet):
•    Så lenge det er dekning frå ein mobiloperatør i et område er det mogleg å ringe nødnumra via roaming hjå andre operatørar som har dekning
•    Dei fleste med trådlaust breidbånd kan ringe med WIFI tale
•    Alternativ vil vere å bevege seg til et område som har mobildekning

Kommunen er i gang med å teste trygghetsalarmar, og vil fortløpande vurdere tiltak for å trygge sårbare brukarar. 

Meldinga er publsert 19. april kl 2025, og vil bli oppdatert (sist oppdatert kl. 2055).

Tilbod om oppfriskingsdose med koronavaksine for aldersgruppa 75 +

FHI har kome med vaksineanbefaling for våren 2023.

Ny oppfriskningsdose er anbefala for personar som er 75 år og eldre, samt bebuarar på sjukeheim

  • Ei ny dose er særs aktuell for dei som ikkje tidlegare har hatt SARS-CoV-2-infeksjon, og for dei som har ein eller fleire underliggande risikofaktorar
  • Det bør ha gått meir enn 6 månader sidan førre dose
  • Vaksinering bør bli gjennomført i løpet av april

FHI anser det som sannsynleg at det vil kome ei anbefaling om ytterlegare ei ny dose til dei eldste til hausten, før vintersesongen 23-24. For at det skal kunne gå tilstrekkeleg tid før haust-dosen, bør du oppsøke vaksinasjonstilbodet i kommunen i løpet av april.

Behovet for ny dose denne våren er lågare dersom du allereie er vaksinert med anbefalte dosar og har hatt koronasjukdom.

Tilbod om oppfriskningsdose - drop in vaksinering

Onsdag 26.april i Storsalen på Tingvang.

Etternamn A - O oppmøte kl.15.30

Etternamn P - Å oppmøte kl.16.30

Det blir ikkje sendt ut innkalling til denne vaksinasjonen, det er inga påmelding - berre å møte opp. Inngang på baksida av Storsalen.

Bebuarar på Helsetunet

Bebuarar på Helsetunet vil få tilbod om vaksine på Helsetunet.

 

 

Kontaktinfo

Kontakttelefon - vaksinering 1
Telefon 61 35 25 55