Tilsynsrapport frå Fylkesmannen i Innlandet

Øystre Slidre kommune hadde i november i år tilsyn i regi av Fylkesmannen i Innlandet der fokus var bruk av tvungen helsehjelp til pasientar som ikkje har samtykkekompetanse, og som motset seg helsehjelp ved Øystre Slidre sjukeheim.

No ligg endeleg rapport frå tilsynet føre.

Rapporten slår fast at sjukeheimen har dyktige og engasjerte medarbeidarar som yter god omsorg til pasientane på sjukeheimen. Vidare blir det påpeikt at dei tilsette er flinke til å gjere helsefaglege vurderingar og at dei har eit godt samarbeid med pårørande.

Rapporten konkluderar likevel med at kommunen ikkje alltid sikrer «at motstand mot helsehjelp blir følgt opp med vurdering av samtykkekompetanse og om det skal fattast vedtak om tvungen somatisk helsehjelp.», noko som m.a. blir vurdert som eit brot på lov om brukar og pasientrettigheter kap. 4A jf. kapittel 4.

Det kjem og fram at kommunen ikkje har laga ROS-analyse for å identifisere konsekvensar av svikt i rutinane om bruk av tvang.   

Øystre Slidre kommune har sidan februar 2019 vore i ein god lærings- og bevisstheitsprosess på dette området, og har lagt ned mykje innsats for å innfri lov og forskriftskrav som gjeld bruk av tvang og makt. Denne prosessen held fram, og kommunen skal avlevere ei lukkeplan innan 01.03.2020.

Tilsynsrapporten kan lastast ned her (PDF, 850 kB).