Treng du kontorplass?

På Tingvang på Heggenes kan du no bli ein del av eit nytt kontorfellesskap som vi har kalla Klima+.

Her kan du bli med på arrangement, kurs og workshops. Du har tilgang til det du treng av møterom og vanleg teknisk utstyr, nydeleg kaffi og te står klar heile dagen og vi har felles lunsj ein gong i månaden minst. Elles er den flotte kantina til kommunen alltid open for deg.

Vi har eit ope miljø og du kan velja mellom:

  • Fast plass - heva og senka pult og skap som berre er ditt, tilgang 24/, kr.4 000.- pr. mnd.
  • Flexi plass så du kan møta nye fjes kvar dag og eige skap, tilgang 24/7, kr.3 000 pr. mnd.
  • Deltidsplass 20 timar pr. mnd., 8 timar møterom og eige skap om du treng, kr.1 000.- pr. mnd.

Øystre Slidre kommune er godt i gang med å gi visjonen "Rein Naturglede" innhald og synlighet. Heile kommunen vil miljøsertifiserast og i bygget ved sida av kommunehuset skal vi utvikla likeverdige partnerskap mellom kommune og næringsliv som vil gi hytteeigarar ei enklare moglegheit til å velja meir berekraftig fritid.

Vi skal bygga samarbeid for å testa ut nye idèer og løysingar og skapa eit kompetansemiljø for framtidsretta hyttebygging. Vi skal bruka tilgjengeleg utprøvd og nyutvikla teknologi og tilpassa rammevilkår og retningsliner slik at desse gir moglegheit for å ta alt i bruk. Dei ferdige løysingane skal delast med samfunnet og skapa entusiasme og auka etterspørsel etter løysningar for ei berekraftig fritid.

Har du tilgang til Avisa Valdres kan du lesa meir om Klima+ her og her.

Prosjektleiar Anni Onsager ventar i spenning på telefon; +47 93 43 41 11 eller e-post; anni.onsager@oystre-slidre.kommune.no, frå deg som vil bli med å forma framtida i Øystre Slidre eller vil auka nettverket ditt.