Tur til Valdres folkemuseum

Onsdag 17. juli  var bebuarane ved sjukeheimen og boligane på tur til folkemuseet. Det var stor deltaking og ei flott oppleving for alle. Takk til Øystre Slidre helselag, Øvre Valdres Demensforening og Pårørandeforeninga ved Øystre Slidre sjukeheim som arrangerte turen saman med Sjukeheimen.

Veret var på lag med oss og vi var ute heile dagen i friluftsmuseet. Underhaldning med flotte ungdomar som svinga seg i dansen etter tonane frå hardingfela og langeleiken var ei flott oppleving. Vi fekk sjå oss ikring på det flotte området og mange nytta anledninga til å vandre rundt mellom dei antikvariske husa og anlegga.

Takk til pårørande og alle som var med å bidrog til at vi fekk ein triveleg og fin dag på museet !