Tusen takk for innsatsen

Det er mange som har stilt opp og gjort ein stor innsats med rydding og vasking av den gamle sjukeheimen og leilegheitene i Moavegen. 

Dugnadsarbeidet som er lagt ned, er heilt avgjerande for at vi i Øystre Slidre skal vere klar for å ta i mot flyktningar frå Ukraina. Vi ynsker med dette å rette ein stor takk til alle dykk som har bidrege, slik at vi kan hjelpe nokre av dei som har måtte flykte frå krigen i Ukraina.

Odd Erik Holden         Jostein Aanestad
ordførar                       rådmann