Utdeling av sjølvtestar

Sjølv om det ikkje lenger er krav om testing ved symptom, vil kommunen inntil vidare dele ut gratis sjølvtestar til prioriterte grupper. 

Her kan du hente gratis sjølvtestar

Kvardagar: utlevering på Tingvang, resepsjonen, kl. 09.00 - 15.00 (onsdag før Skjærtorsdag 09.00-12.00).
Laurdag, sundag og helligdagar: utlevering på Helsetunet. Ring tlf. 909 14 278 mellom kl 10 og 11 for å gjere avtale.

Om du har symptom på Covid-19 er det fint om du får andre til å hente test for deg. 

Kven kan få gratis sjølvtest?

  • For vaksne uansett vaksinestatus: 2 testar per person ved symptom

Dersom du har symptom på Covid-19, og ikkje har nokon til å hente test for deg, er det fint om du ringer før du kjem og hentar test, da er testane klare til du kjem og vi kan møte deg i døra.

  • Måndag - fredag, Tingvang, ring 61 35 25 00.
  • Laurdag og sundag, Helsetunet, ring 909 14 278 (mellom kl 10 og 11).

Dette utløyser ikkje rett til gratis sjølvtest

  • Om du ikkje har symptom på covid -19.
  • Testing før deltaking på arrangement eller selskap.
  • Ønske om å ha hurtigtestar i bakhand heime.
  • Bedrifter kan ikkje hente for eigne tilsette for å ha i beredskap eller gjennomføre massetesting.

I slike tilfelle kan ein kjøpe sjølvtestar på t.d. i daglegvarebutikk eller apotek.

Desse reglane kan endre seg på kort varsel.