Utlegging av manntalet til offentleg ettersynManntalet viser kven som har røysterett ved Stortingsvalet i haust. Manntalet for Øystre Slidre kommune er lagt ut til offentleg ettersyn i resepsjonen på Tingvang.Det er di folkeregistrerte adresse pr.30. juni som avgjer kva for kommune du har røysterett i ved årets val.FørehandsrøystingDu kan førehandsrøyste i kva for kommune du vil. På nettsida valg.no finn du informasjon om kvar du kan førehandsrøysteRøyste på valdagenPå valdagen kan du kun røyste i den kommunen du er manntalsført i.Retting av manntaletDen som meiner at vedkommande sjølv eller nokon annan uriktig er blitt innført eller utelatt av manntalet i kommunen kan krevje at feilen blir retta opp.Krav om retting skal vere skriftleg og begrunna og sendast til Valstyret i Øystre Slidre kommune. Publisert 14.07.2025 12.43