Verdensdagen for psykisk helse 10.oktober 2021

Tema for verdensdagsmarkeringa i 2021 er: Livet under og etter ein pandemi #følgopp

Verdensdagen for psykisk helse vart oppretta i 1992 da World Federation for Mental Health (WFMH) bestemte 10. oktober som ein dag for å fremje kunnskap og bevisstheit om psykisk helse i heile verden. Dagen blir markert i meir enn 150 land på ulike måtar.

I Noreg er Verdensdagen den største kampanjen for psykisk folkehelse, og blir markert av skuler, kommunar, bedrifter og lokale organisasjonar over heile landet. I Øystre Slidre markerer skulene i samarbeid med skulehelsetenesta og psykisk helse dagen rundt om på skulene.

Verdensdagen for psykisk helse har som mål å spreie kunnskap og gjere det lettare å snakke opent og fordomsfritt om psykisk helse. Den psykiske helsa vil bli utfordra gjennom livet. Det å slite psykisk i periodar er normalt, og halvparten av oss har eller vil få psykiske problem eller ei psykiske liding i løpet av livet. Nettopp fordi det angår så mange, er det nødvendig at vi er klar over kva vi kan gjere i kvardagen for å byggje motstandskraft, men også kva for verktøy vi har for å møte psykiske utfordringar.

Årets kampanjetema er livet under og etter ein pandemi, og skal belyse kor verdifulle vi er for kvarandre for å førebyggje einsemd og utenforskap.

Psykisk helseteneste er eit lågterskeltilbod i Øystre Slidre kommune kor alle som ønskjer det får tilbod om samtaler om sin livssituasjon, sine problem, tankar og kjensle.

Lokal markering

I anledning markeringa av verdensdagen for psykisk helse henger det oppe en vimel utenfor kommunehuset. Tilsette i psykisk helseteneste vil ha ei markering av dagen i kantina på Tingvang, onsdag 6.oktober kl.11.00 - 12.30.

Psykisk helseteneste vil saman med skulehelsetenesta markere dagen ute på skulene.

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon til dei som jobbar i Psykisk helseteneste finner du her.