
Sjølvmord er eit stort problem i samfunnet. Samstundes er det vanskeleg for mange å snakke om sjølvmordstankane sine. Saman kan vi jobbe for eit trygt og ope samfunn der vi tør å be om hjelp til å leve.
Sjøvmord er noko av det mest hjarteskjærande som kan skje. Det er forståeleg at mange no hevar røysta for å kome med løysingar som kan gjere ein forskjell. Førekomsten av sjølvmord varierar gjennom åra, men i dag ser vi ei auke samenlikna med seinaste åra.
Sjølvmord og psykiske problem er ikkje sjukdomar. Årsakane til at mennesker strever i liva sine, er samensette, og må sjåas i samenheng med livet som heilhet. Alle formar for belastningar menneske erfarer må erkjennast og anerkjennast som primære årsakar til psykiske problem.
Helsetenesten må vere meir oppteken av å forstå det kvart einskild menneske og behova det har, enn å kartleggje og behandle symptomer. Profesjonell hjelp skal være lett tilgjengelig når det er behov for det. Men, da i et samspel, og med ei forståing om at fagfolk speler ei lita rolle i eit større bilete, der problemea er livsbetinga, og ikkje ein sjukdom.
Psykisk helseteneste i Øystre Slidre
Øystre Slidre kommune har eit lågterskeltilbod i psykisk helseteneste der alle som ynskjer det kan ta kontakt for ein samtale om sine problem, tankar og kjensler. Telefonnummer og e-post adressar til tilsette i tenesta finn du her
Organisasjonen LEVE
LEVE – Landsforeningen for etterlatte ved selvmord er ein landsdekkende organisasjon. LEVE sitt føremmål er å støtte etterlatte og berørte ved sjølvmord, og å bidra til å føebygge sjølvmord gjennom openheit, opplysningsverksemd og politisk arbeid.
Du kan ta kontakt med LEVE via organisasjonen si nettside: https://leve.no/fylkeslag/oppland/
Tenn eit digitalt lys
Tenn eit lys for deg sjølv, eller nokon du tenker på og eller saknar. Ved å tenne eit lys inviterer vi oss sjølv og andre til refleksjon og ettertanke.
Her kan du tenne digitalt lys