Verdsdagen for psykisk helse 10.oktober

Årets tema: Tillit er beredskap – #HverHandlingTeller. Årets tema handlar om korleis små handlingar i kvardagen kan styrkje fellesskap, tryggleik og psykisk helse.

Tillit blir bygd gjennom måten vi møter kvarandre på – ved å lytte, inkludere, vise omsorg og stille opp når nokon treng det. I ei tid prega av uro og uvisse er gode relasjonar og sterke fellesskap viktigare enn nokon gong.

Vi ønskjer å oppmode alle innbyggjarar til å bidra med små handlingar som kan gjere ein forskjell. Saman kan vi skape eit varmare og meir inkluderande lokalsamfunn.

Psykisk helseteneste i Øystre Slidre

Psykisk helseteneste er eit lågterskeltilbod. Det vil seie eit tenestetilbod som er lett tilgjengeleg, utan lange ventetider eller kompliserte tilvisingsrutinar. Målet er at innbyggjarane skal kunne få rettleiing og behandling tidleg, før utfordringane blir større.

Psykisk helseteneste i Øystre Slidre arbeider for å fremje håp og styrkje livskvalitet og meistring hjå innbyggjarar i alle aldrar.

Vi tilbyr i hovudsak individuelle samtalar, men kan òg arrangere gruppetilbod. Vi møter menneske med respekt, fagleg kompetanse og tru på at alle har ressursar og moglegheiter for utvikling.

Vil du vite meir om psykisk helseteneste og korleis du kan kontakte oss?

Her finn du informasjon om psykisk helseteneste i Øystre Slidre kommune