Vi treng frivillige instruktørar

Vi søker etter frivillige instruktørar til helsefremjande og førebyggjande treningsgrupper for seniorar.

Har du interesse for og lyst til å leie treningsgrupper for seniorar? Øystre Slidre kommune treng deg! Målgruppa for treninga er seniorar (65 år +) som opplever endring i rørslefunksjonen og er ustø i enkelte situasjonar. Treninga er ein gong i veka på dagtid.

Aktuelle instruktørar vil få opplæring, i tillegg til kurs i fyrstehjelp. Instruktørane vil få oppfølging av fysioterapeut i Øystre Slidre kommune.

Treningsgruppene er eit ledd i satsinga på førebygging av funksjonssvikt og fall.

Ved interesse og spørsmål, ta kontakt med: Fysioterapeut Ingrid Øihaugen, tlf 902 46 121. e-post: ingrid.oihaugen@oystre-slidre.kommune.no

Kontaktinfo

Ingrid Øihaugen
Fysioterapeut
E-post
Mobil 902 46 121