Informasjon
Plankonsulenten Areal+ har utarbeidd planforslaget for detaljregulering for Liahaugstølen på vegne av Framsynt Fritid. Statsforvaltaren oppheva tidlegare kommunen sitt planvedtak. Området er kartlagt på nytt og det er gjort endringar i plandokumenta. Planen vert lagt ut på offentleg høyring og ettersyn, slik at alle partar får moglegheit til å uttale seg i saka, basert på dei funn og endringar som er gjort. Alle plandokument finn du i tabellen nedanfor.
Sentrale endringar sidan førre planbehandling
Etter funn i naturkartlegginga, er det lagt til følgjande rekkefølgjekrav i planføresegnene:
1.11.3 Marksikringsplan
Før det vert gitt igangsetjingsløyve innanfor FBK1-3 skal en marksikringsplan vere godkjend av kommunen. Planen skal leggje til rette for at eksisterande natur i området ikkje vert unødig råka av tiltaka.
Etter funn i naturkartlegginga, er det lag til følgjande i plankart og føresegn:
Plankartet er oppdatert med angitt omsynssone - bevaring naturmiljø (H560) for dei to områda i rapporten frå Biofokus er omtala som grunne intermediære rike myrer. For omsynssonene er føljgande lagt til i føresegn:
5.2 Angitt omsynsone - bevaring av naturmiljø (H560).
Det er ikkje tillate med graving eller anna byggetiltak i omsynsone bevaring.
Dokumenta i saken
Har du merknader?
Merknader merka med namnet til planen og planID 202007 kan sendast til kommunen i e-post til post@oystre-slidre.kommune.no eller som brev til Øystre Slidre kommune, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes, innan 24.november 2025.
Om merknader
Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og blir vurdert og referert for politisk myndigheit. Vi svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.
Har du spørsmål?
Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Tone Snortheim, e-post tone.snortheim@oystre-slidre.kommune.no