Ergoterapi skal hjelpe menneske i alle aldrar til å fungere optimalt i kvardagen når dei har utfordringar med å utføre kvardagsaktivitetar på grunn av sjukdom, skade eller annan funksjonsnedsetjing.
Ergoterapi omfattar blant anna
- Trening av kvardagsaktivitetar eller andre ferdigheiter
- Tilpassing av aktivitetar f.eks arbeidsvanar
- Kompensering for tapt funksjon med tekniske hjelpemiddel
- Tilrettelegging for aktiv fungering i heim og fritid
- Rettleiing, informasjon og undervisning
- Tilrettelegging og endring av bustad og/eller bustadplanlegging.
Ergoterapeutar er opptekne av: Kva for aktivitetar er viktige for deg?
Saman kan ein finne løysingar som kan gjera at ein kan leva eit aktivt liv og delta i samfunnet.
Kommunale ergoterapeutar har ansvar for vurdering av behov og søknad om hjelpemiddel (syn, høyrsel, kognisjon, bevegelse etc.).
Ergo- og fysioterapitenesta samarbeider tett med helsestasjonen, skule og barnehage
Informasjon om ulike hjelpemiddel
Øystre Slidre kommune har hjelpemiddel på lager. Alle som bur eller oppheld seg i kommunen kan låne hjelpemiddel ved behov.
Eksempel på hjelpemiddel ein kan låne er: doforhøgar, rullator, dostol etc.
Ta kontakt med kommunal fysio- og ergoterapiteneste for lån frå kommunalt lager.
Korleis får du hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentralen?
Brukaren fyller som oftast ut eit søknadsskjema i samarbeid med ein fagperson, og sender det til NAV Hjelpemiddelsentral for vurdering og vedtak. Vi anbefalar at du tek kontakt med kommunal ergoterapiteneste for å få hjelp til å søke om aktuelle hjelpemiddel og vidare oppfylging. Kommunal fysioterapeut kan også hjelpe til med søknadar på bevegelseshjelpemiddel.
Hjelpemiddel til sals
Øystre Slidre kommune har nokre hjelpemiddel til sals. Merk: disse hjelpemidla er kun til sals og ikkje til utlån:
- Krykker kr. 312,- pr. par
- Ispigg kr. 112,- pr. stk
- Doppsko kr. 62,- pr. stk
- Gripetang 70 cm kr. 206,- pr. stk
- Strømpepåtrekker kr. 219,- pr. stk
- Silketupp kr. 42,- pr. stk
- Kompresjonsstrømper
- Lange strømper kr. 300,- pr. stk
- Knestrømper kr. 240,- pr. stk
(prisar pr. 24.01.2024)
Legekontoret sel også krykker til kr. 550,- pr. par. Krykker med ispigg kr.650.- pr.par.
Ambulerande vaktmeister
Øystre Slidre kommune har ein ambulerande vaktmeister.
Du finn informasjon om ambulerande vaktmeister her.
Hovudoppgåvene til ambulerande vaktmeister er installering og vedlikehald av tryggleiksalarmar, utkjøring og installering av tekniske hjelpemiddel og kjøre brukarar til aktivitetar på Skogsgruppa/ Vindestogo/aktivitetshuset. Ambulerande vaktmeister reparerar også hjelpemiddel frå NAV hjelpemiddelsentral.
Øystre Slidre kommune sitt hjelpemiddellager har to barnerullestolar til utlån.
Rullestolane passer aldersgruppene 8-12 år og 12-16 år.
Det finns òg krykker til utlån.
Ved behov for korttidslån, ta kontakt med fysio- og ergoterapitenesta eller ambulerande vaktmeister. Dersom det er behov for langvarig bruk (over 2 år), kan ergoterapeut vere behjelpeleg med å søkje via NAV hjelpemiddelsentral.
Rullestolar for barn, 8-12 år og 12-16 år