Vaktmeister - ambulerande

Beskriving

Øystre Slidre kommune har ein ambulerande vaktmeister.

Hovudoppgåvene til ambulerande vaktmeister er installering og vedlikehald av tryggleiksalarmar, utkjøring og installering av tekniske hjelpemiddel og kjøre brukarar til aktivitetar på Skogsgruppa/ Vindestogo/aktivitetshuset.
 

Ambulerande vaktmeister reparerar også hjelpemiddel frå NAV hjelpemiddelsentral.

 

Målgruppe

Personar med nedsett funksjonsevne og personar som er sjuke eller skadde.

Kriterium

Tildelings- og bustadkontoret, kommunal ergo- eller fysioterapeut vil gjera ei undersøking og ei fagleg vurdering av behovet for hjelpemiddel.

Pris

Tenesta er gratis.

Klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ei klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ynskjer. 

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om vaktmeisterteneste, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.

Oppdatert

29.09.2017 16:29:49

Kontaktinfo

Øystre Slidre helsetun
Telefon 61 34 28 70
Svein Oddvar Moen
Ambulerande vaktmeister
E-post
Mobil 95 09 51 05