FACT-team

FACT-team Valdres er eit samarbeidsprosjekt mellom dei seks valdreskommunane, sjukehuset Innlandet v/DPS Gjøvik, Poliklinikk Valdres og NAV Valdres. Teamet er tverrfagleg samansett, og inneheld psykologspesialist, psykiater, brukarspesialist, NAV ressurs med fokus på arbeidsdeltaking og jobbfokus, og medarbeidarar med helse og sosialfagleg bakgrunn. Teamet har kontorlokale i tilknytning til DPS i Aurdal.

Gjennom tilbod om oppfølging i FACT arbeider kommune, spesialisthelsetenesta og NAV mot felles mål i tett samarbeid med den einskilde brukar. Teamet arbeider i stor grad oppsøkjande. Dette betyr for den einskilde at hjelp og bistand vil verta gjennomført i eigen bustad og/ eller nærområde. Den tverrfaglege kompetansen til teamet legg til rette for at så mykje som mogleg av oppfølging og behandling vert gjennomført av FACT teamet.

Målgruppa for teamet er personar med moderat til alvorleg psykisk sjukdom og / eller rusproblem, og som har rettigheiter til oppfølging både frå spesialisthelsetenesta og kommune. Ordinære tilbod som finns lokalt, skal væra vurdert og funne ikkje nyttige eller ikkje forsvarlege. Personen må sjølv ynskje hjelp og skal aktivt delta i oppfølginga.

Psykisk helseteneste i kommunen, fastlege, rettleiar i NAV og / eller behandlar DPS har høve til å søkje brukarar inn i FACT.  Inntaksansvarlege i FACT avgjer kven som får tilbod om oppfølging. Som brukar i FACT vil du få vedtak på tenesta som er tildelt.

Kontaktinfo

Bente Hassel
Teamkoordinator
E-post
Mobil 948 53 542