Tilrettelagt bustad

Det offentlege si oppgåve er å leggja til rette for at folk skal kunne klara seg på eigehand. Dei som ikkje er i stand til å skaffe seg bustad og verta buande skal få den hjelpa dei treng. Omsorgsbustadar skal bidra til at den einskilde mestrar dagleglivets gjeremål og opprettheld sitt funksjonsnivå lengst mogleg. Bebuarar  i omsorgsbustad og andre kommunale er å betrakte som heimebuande og søkjer om helse- og omsorgstenester på lik line med andre heimebuande. Øystre Slidre kommune har kommunale bustader og omsorgsbustader for ulike målgrupper lokalisert i rundt i kommunen.

Tilrettelagde bustader i Øystre Slidre

Tildeling av bustad

Bustad vert individuelt tildelt av kommuna sitt inntaksteam  på bakgrunn av søknad.  Vedtak om bustad vert fatta etter reglane for enkeltvedtak på bakgrunn av kartlegging av situasjon og funksjonsnivå. Systemkontoret er ansvarleg for sakshandsaminga etter gjeldande regler for dette.

Betaling

Det vert krevd husleie for bustaden i samsvar med kontrakt. Prisen vert indeksjustert etter gjeldande reglar for dette.

Bostøtte

Bur du i kommunal bustad, kan du søkje bostøtte. Informasjon om bostøtte og sakshandsaming får du hjå Husbanken.

Kontaktinfo

Systemkontoret
Tildeling av tenester og sentralbord
Telefon 61 34 28 70