Eg vil hogge i skogen - som skogeigar, kva gjer eg?

Den norske skoglovgivinga har lang tradisjon for la skogeigaren få fridom under ansvar. Skogeigaren har store valmoglegheiter om korleis han/ho utøvar si forvaltarrolle. Eit berekraftig skogbruk med langsiktige investeringar er eit viktig innhald i dette forvaltaransvaret.

Gjennom berekraftig forvalting og bruk av eigedomen skal skogeigaren både utnytte ressursane på eigedomen og ta omsyn til andre interesser. Færre skogeigarar gjer det praktiske arbeidet i skogen sjølve – men dei har likevel ansvaret for at tiltaka blir gjort på ein best mogleg måte, både for seg sjølve og for storsamfunnet. Det er difor lurt at du sjølv eller nokon du har tillit til følgjer med på alt arbeid som blir gjort i skogen din.

Ikkje la nokon hogge i skogen din utan skriftlig kontrakt. Det viser seg at det lett blir usemje med påstand mot påstand. Da er det oftast du som skogeigar som taper. Husk at det er du som skogeigar som har ansvar for opprydding etter ein hogst, og at det eventuelt og må avtalast i ein kontrakt.

Viktige spørsmål og avklaringar du bør finne svar på før signering av kontrakt om hogst:

  • Er skogen hogstmoden, dvs. utvokst?
  • Kva er dei økonomiske konsekvensane av å hogge nå, kontra å vente nokon år?
  • Avklar eventuelle vegbehov og moglegheiter for tilskott til landbruksveg så tidlig som mogleg før hogst.
  • Dersom du har skogbruksplan med hogstforslag så bruk den.
  • Ta kontakt med minst to kjøparar av tømmer for pristilbod. Det er ofte store variasjonar.
  • Søk nøytral faghjelp for vurdering av mellom anna hogstmognad, vegløysningar og pristilbod om du er i tvil.
  • Følg med på hogsten undervegs, og få melding frå entreprenøren i god tid før hogsten er ferdig, slik at du kan sjekke at oppdraget er/blir utført i samsvar med kontrakten.
  • For å ha betre kontroll på måling av volum som går ut av skogen, kan du be om at det daglig blir tatt utskrift frå hogstmaskinens database.
  • Sjekk nøye virkesavrekninga (oppgjørspapirene) for å forsikre deg om at alt er med, og at priser, kostnader og skogfondstrekk mv. er som avtalt.
  • Hugs at du som skogeigar har ansvar for forynging av areala som er hogd. Det kan lønne seg å bestille planting samtidig som du inngår ein avtale om hogst.

Kontakt skogbruksleiare i Viken skog eller Nortømmer som kan hjelpe deg med avverking av skog og skogkultur.

  • Nortømmer AS, tlf. 904 78 000, post@nortommer.no
  • Viken skog AS, tlf. 32 10 30 00, e-post@viken.skog.no                                                  

Skogbrukleder Gaute Hjelde tlf. 959 73 007 og Bjørnar Sørbøen tlf. 977 08 990 for Valdres.

Kontaktinfo

Tale Nedberg
Utmarksforvaltar
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 94 86 38 11