Mobilnettet fungerer som normalt

Øystre Slidre kommune fekk kl 2325 bekrefta frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet at feilen som oppsto på mobilnettet tidlegare på kvelden nå er retta. 

Alt skal no fungere som normalt.

(Denne meldinga vart publisert kl 2330 den 19. april 2024)

Skogfond - gjer gode investeringar ekstra gode

Skogfond er meir lønsamt enn tilskott

Alle skogeigedomar har ein eigen skogfondskonto. Når du som skogeigar sel tømmer, skal mellom 4 % og 40 % av tømmerverdien settast av til skogfond. Skogfondet høyrer til skogeigedomen, og skal brukast til investeringar i skogeigedomen. Til dømes kan planting, ungskogpleie, vegbygging og ein rekke andre tiltak dekkast med skogfond. Langsiktige investeringar i skog er ein sikker og smart pengeplassering. Når du investerer i eigedomen ved hjelp av skogfond oppnår du ein betydelig skattefordel, det vil seie at du dekker inn ein god del av investeringa gjennom redusert skatt.

Kva er skattefordelen i skogfond?

Den del av tømmerverdien som blir satt av til skogfond blir ikkje rekna som skattepliktig inntekt. Det er fyrst når pengane skal brukast at det må betalast skatt, men heile 85 % av uttaket er då skattefritt.

Eksempel; Invester 10.000 kr og spar 3.000 kr i skatt!

Når du investerer 10.000kr av skogfondet på eit tiltak som gir skattefordel, så vil 8.500 kr vere skattefrie. Om du har 35,8 % marginalskatt (dvs. inntekt utan topp-skatt) så gir det 3.043 kr i redusert skatt (8.500 kr x 35,8%). Skattefordelen er tilsvarande eit tilskott på 47 %. For å få tilsvarande gevinst gjennom tilskott frå staten, må tilskottet vere 4.740 kr eller 47 %. Fordi tilskott blir beskatta som inntekt, må det være så høgt for at du skal sitte igjen med same gevinst etter skatt.

Skogfond
Tilskott i % Marginalskatt 27% Marginalskatt 38,4% Marginalskatt 47,4%
0 50% 29% 12%
20 40% 23% 10%
40 30% 17% 7%

Kontaktinfo

Tale Nedberg
Utmarksforvaltar
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 94 86 38 11