Etablere bedrift?

Øystre Slidre kommune tek mål av seg til å vera ei kommune som legg til rette for nyetablering.

Det kan vera utfordrande å starta eiga bedrift,  men det er og ein god premie for dei som lykkast. Kanskje ikkje berre av økonomisk art, men like mykje kjensla av å meistre og skapa noko.

Kommunen har ei avtale med Valdres næringshage om bistand og hjelp i etableringsfasa, og vi i kommunen vil svært gjerne snakke med deg, høyra om planane og gjerne koma med tips om vegen vidare.

Oppstartsfasa for ny bedrift kan vera krevjande og vi oppmodar bedrifter og gründerar til å kontakta samarbeidspartnarane våre for rådgiving og støtte både i nyetablering og i nye prosjekt.

Valdres Næringshage - verktøyet for næringsutvikling i Valdres

Valdres Næringshage er regionen sitt innovasjons- og utviklingsselskap, og fungerer som eit praktisk verktøy i næringsutviklinga. Medan kommunen tilbyr førstelinjetenesta for næringslivet, er Valdres Næringshage det faglege og operative miljøet som hjelper bedrifter og gründerar med å realisere idéar, skape vekst og styrkje berekrafta.

En vei inn

En vei inn er Innovasjon Norges nye portal for alle som har behov for hjelp til næringsutvikling.

Her kan bedrifter eller etablerere legge inn sitt behov for hjelp ein stad. IN sender deretter førespurnaden vidare til den aktøren som er best eigna til å bistå bedrifta. Dette kan vere:

  • Næringskonsulent i kommunen
  • Planavdelinga i kommunen
  • Næringshagen 
  • Rådgivar i Innovasjon Norge

Dette gjer det enklare for alle som er i kontakt med bedrifta å følgje opp. Ein får tilgang til historikk og alle dokument er samla og tilgjengelege på same stad.

 

Mer informasjon om En vei inn

På nettsida til Valdres Næringshage finn du litt meir informasjon og innlogging til En vei inn.

For å få meir informasjon om En vei inn, ta kontakt på e-post: bente@valdres-nhage.no

Nyttige lenker

Valdres Næringshage https://www.valdres-nhage.no/

Etablererkurs Innlandet https://www.etablererkursinnlandet.no/

Innlandet fylkeskommune https://innlandetfylke.no/tjenester/naring-og-internasjonalt/

En vei inn, innlogging https://login.idporten.no/authorize/selector

Innovasjon Norge https://www.innovasjonnorge.no/

Visit Valdres https://www.valdres.no/

Valdres Natur og kulturpark https://www.valdres.no/valdres-natur-og-kulturpark

Lag og foreiningar i Øystre Slidre https://oystre-slidre.foreningsportal.no/foreninger

Filmar om andre som driv næring i Øystre Slidre https://www.youtube.com/channel/UCA3DTcRP3oOft1bZrZLXB8A

Kontaktinfo

Tone Snortheim
Tenesteleiar næring, plan og byggesak