Skulehelseteamet er eit tverrfagleg team som kan drøfting og rettleie når ein elev eller ei gruppe elevar har behov for hjelp, og vi treng å prate saman om kva som kan vera rett hjelp. Det kan vera fordi vi ikkje heilt veit kva som er utfordringa til eleven/gruppa, ved ufrivillig skulefråvær, endra åtferd utan at vi veit årsak ol.
Det er eit skulehelseteam på kvar skule og dei har møte annakvar veke.
Skulehelseteamet består av rektor, helsesjukepleier, sosiallærar/miljørettleiar, psykisk helse/kommunepsykolog. Ofte er ein tilsett som kjenner eleven godt med. Føresette og elev blir oppfordra til å delta i møtet.
De som foreldre kan ta kontakt med skulen for å høyre om dykkar situasjon kan bli tatt inn i skulehelseteam, eller skulen kan ringe dykk for å foreslå at vi pratar om saka i skulehelseteam, og be om samtykke til det. Målet er å kunne hjelpe eleven/gruppa så tidleg som mogleg, og før situasjonen blir vanskelegare for eleven/gruppa.