Skuleskyss

Beskriving

Informasjon om skuleskyss i grunnskolen finn du på Innlandstrafikk sin nettside.
 

Bur du over ein viss avstand frå skulen eller har du ein særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til skuleskyss. Er du funksjonshemma eller mellombels skadd eller sjuk, har du òg rett til skyss.

Målgruppe

  • Elevar i grunnskule
  • Elevar med funksjonshemming 
  • Elevar som er mellombels skadde eller sjuke

Busskort

Elever som har rett til skuleskyss med buss får utlevert busskort frå skulen. Busskortet er personleg og gjeld for den strekninga eleven har rett til skyss.

Ta godt vare på busskortet, det samme kortet blir oppdatert for kvart skuleår eleven har rett til skyss. Dersom kortet blir øydelagt, eller mista ta kontakt med skulen.

Kriterium

Retten til gratis skuleskyss er heimla i opplæringslova. 

Avstanden mellom skule og heim må overstige

  • 2 km for 1. årstrinn i grunnskulen
  • 4 km for 2. til 10. årstrinn i grunnskulen

Avstanden blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare vegen eller gang- og sykkelstig. Innlandskart brukes for å måle avstand.

Innlandskart finn du her

Spesielt farleg eller vanskeleg skuleveg

Er du elev i grunnskulen og har ein spesielt farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til fri skuleskyss uavhengig av kor stor avstanden er. Dette gjeld også om du er funksjonshemma eller mellombels skadd eller sjuk.

Skjema for vurdering av trafikkfarleg veg finn du her

Skjema for søknad om skuleskyss ved sykdom/funksjonshemming finn du her

Søknad om skuleskyss ved sykdom/funksjonshemmiming må dokumenterast med legeerklæring.

Privatskule

Går du på privatskule, har du rett til skuleskyss berre innanfor grensene av den kommunen/fylkeskommunen der du bur.

Delt bustad

Elever kan ha rett til fri skuleskyss ved delt bustad. Foresatte sender søknaden til kommunen. 

Skjema for søknad om skuleskyss ved delt bustad finn du her

Pris

Skuleskyss er gratis.

Handsaming

Fylkeskommuen/kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen/fylkeskommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen/fylkeskommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen (for elevar i grunnskulen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skule), som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Oppdatert

18.01.2024 12:15

Handsamingstid

Fylkeskommunen/kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Mottakar

Det er fylkeskommunen som har ansvaret og som avgjer om du har rett til skuleskyss. Dette gjeld likevel ikkje om du er elev i grunnskulen og har ein spesielt farleg eller vanskeleg veg. Da er det kommunen som har ansvaret og som avgjer om du har rett til skyss.

Artikkelliste

Kontaktinfo

Inger Gjølgali
Sekretær
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 90 12 84 76