Stølsskyss - Øystre Slidre kommune

Stølsskyss

Innlandet Fylkeskommune, Innlandstrafikk, har regler for skuleskyss der ordninga med stølsskyss er heimla.

Reglement for stølsskyss

Frå skyssreglementet: 3.3 Elever på turistbedrifter og seterdrift: "Elever som deler av året har bosted på turistbedrifter som for eksempel fjellstuer eller seter som er i drift og er en del av næringsgrunnlaget, har rett til skyss. Hytter og fritidsboliger er ikke å betrakte som bolig og gir ikke skyssrett."

Det er ein klar føresetnad for stølsskyss at båe foreldra/føresette bur fast på stølen i perioden det blir søkt om skyss for. Dersom ein av foreldra/føresette bur att heime på garden, vil det ikkje heimle rett til fri stølsskyss, sjølv om den andre av foreldra/føresette bur på stølen.

Ordninga med stølsskyss gjeld berre for elevar som oppheld seg på støl som føresette driv , ikkje for barn som er med andre på støls- eller hytteopphald.

Organisering av stølsskyss

Innlandstrafikk organiserer stølsskyssen. Skyss blir satt opp frå støl til skulen og frå skulen til støl. Skyssen kan vere en kombinajon av drosjeskyss og skulebuss. 

Det vil vere samkøyring med fleire elever.  Skulane har ulike start- og sluttider, elever i same stølsgrend vil bli henta og levert samla, det vil difor kunne bli noko ventetid. Slik som ordinær skuleskyss, gjeld ikkje stølsskyss til og frå SFO.

Slik søker du om stølsskyss

Du søker om stølsskyss på dette elektroniske skjemaet

Søknadsfrist er 15.juni.

Kontaktinfo

Inger Gjølgali
Sekretær
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 90 12 84 76