Arealdelen til kommuneplanen på høyring

Arealdelen av kommunedelplanen er no lagt ut på høyring med høyringsfrist 26.04.24. 

Høringsdokumenta

Høyringsdokumenta er lagt ut på kommunen sin nettside under punktet høyring/ettersyn.

Høyring av arealdelen til kommuneplanen 2024-2036

Møtepunkt

Arealplanleggjarar vil etter avtale vere tilgjengelege for spørsmål om kommuneplanen sin arealdel måndagar og onsdagar frå kl.11.00 - 15.00 i høyringsperioden (ikkje onsdag 27.mars). Ved konkrete spørsmål, ber vi om at spørsmåla, med gards- og bruksnummer, blir sendt til planleggjar på førehand. Det same gjeld konkrete spørsmål om plankart.

Førespurnad om avtale og konkrete spørsmål kan sendast i e-post til:

 tosa@oystre-slidre.kommune.no

 tore.ostlund@oystre-slidre.kommune.no

Høyringsfrist

Høringsfristen er 26.04.2024.
 

Informasjonsmøte 

Det vert informasjonsmøte for næringslivet, lag og organisasjonar, innbyggarar m.fl. om arealdelen til kommuneplanen måndag 15.april kl.19-21 i auditoriet på Øystre Slidre ungdomsskule. Velkommen!

Kontaktinfo

Kontakt Øystre Slidre kommune
E-post
Telefon 61 35 25 00