Fjellstafetten 2023

Bli med på Fjellstafetten! Fine turar for heile familien, skilta ruter til 12 fine utsiktpunkt. Stafetten pågår i perioden 25.juni - 8.oktober.

Kvar topp har ein unik kode som du finn på ei kodetavle på toppen, koden noterast i brosjyra.

Fjellstafettbrosjyre og turforklaringar

Her kan du laste ned Fjellstafettbrosjyra (PDF, 3 MB)

Turforklaringar og kart finn du her. (PDF, 8 MB)

 

Illustrasjonsfoto Perstjernhøgde - Klikk for stort biletePerstjernhøgde, 1180 moh Liv Vingdal

Premiar

Alle som har gått 10 toppar eller fleire, får ein buff med fjellstafett-logo. Det blir også delt ut t-skjorter til dei som har gått 10 toppar eller fleire i 5, 10, 15 år og 20 år.

Det er uttrekkspremiar for barn og skulane har eige klasse-konkurranse.

Elektronisk registrering (TellTur)

Fjellstafetten er også tilgjengeleg for elektronisk registrering i TellTur. Registrer deg først som TellTur-brukar på www.telltur.no. Då kan du laste ned mobilappen Norgeskart friluftsliv og velje TellTur i venstre sidepanel. Logg inn med din brukar. Når du er ved turmålet, trykker du ”Sjekk inn” i appen.

Eigne premiar til nokre av dei som registrerer sine turer på TellTur, bli med!

NB: Manuell registrering med papir og penn vil framleis gjelde, og vi tilrår dette for dei som ikkje er sjølvdrivne med mobil-appar.

Fjellstafetten på Facebook

Følg med på Fjellstafetten i Øystre Slidre på Facebook for oppdateringar.