Fjellstafetten 2026 - Øystre Slidre kommune

Fjellstafetten 2026

12 fine turmål for heile familien - bli med du også! Offisiell start på Fjellstafetten er 21.juni, dei fleste turmåla vil i år vere klare i god tid før offisiell start. Følg med på facebooksida til Fjellstafetten, der informerer vi om når dei ulike toppane er klare.

Kickoff-arrangement

21.juni er det kickoff-arrangement på toppen av Kalvemellen kl.12.-14. Drikke og premiar til alle.

Registrering av turar

Kvart turmål har si eige kode. Turane kan registrerast både manuelt og elektronisk. Manuell registrering gjer du ved å skrive koda til kvar tur i brosjyra, slik som tidlegare. 

Nytt i år: Digital registrering med appen StikkUT! Appen er enkel å bruke så vi oppmodar folk til å bruke den. 

NB: Løkjishøvda er ikkje med i Fjellstafetten i år, den er kun ein test-topp for StikkUT! før Fjellstafetten startar.

Her finn du informasjon om StikkUt!-appen

 

 

Broysjyre og kart

Her kan du laste ned fjellstafett-brosjyra for 2026 (PDF, 3 MB)

Her kan du laste ned turskildringar og kart for Fjellstafetten 2026 (PDF, 11 MB)