Kulturprisutdeling på Herangtunet

Som tidlegare annonsert gjekk kulturprisen for 2020 til Toralf Baldersheim. Det har vore gjort fleir forsøk på å få delt ut prisen gjennom vinteren, men nedstengingar og strenge reglar for smittevern har gjort det vanskeleg å gjere dette på ein måte kommunen meiner er ein kulturprisvinnar verdig.

Torsdag 27.mai kunne omsider kommunen invitere Toralf med spesielt inviterte gjester, vener og familie til kulturprismiddag på Herangtunet. Toralf har gjennom si tid i kommunen vore sterkt delaktig i etableringa og drifta av Herangtunet, noko han no ser tilbake på med blanda kjensler. Uavhengig av dette, vart utdelinga passe høgtidleg med talar og fortent ros frå ordføraren, kultursjef Kari Onstad, men også frå familiemedlem og vener. Sjølv nytta Toralf høvet til å fortelje om seg og sitt rike kulturliv i Øystre Slidre, og til å understreke si takksemd ovanfor kona og «kulturenka», Berit Baldersheim, som har lete han halde på slik han har hatt gjort i alle desse åra.

Som kulturmann har Toralf det å ta regien for kulturarrangement i blodet, og han var i si tid som kultursjef i Øystre Slidre ansvarleg for utdelinga av den fyrste kulturprisen i kommunen, tidleg på 90-talet. Denne gongen, som då, klarte han ikkje heilt å unngå å ta styringa, og sto like gjerne for det kulturelle innslaget. Toralf er ein driven gitarist og musikkentusiast, og som den rutinerte karen han er, var han sjølvsagt på plass, ferdigrigga med alt utstyr før dei andre gjestane og vertane frå kommunen dukka opp. Når desserten kom på bordet, tok Toralf og trekkspelar Torgeir Onstad scenen og framførte nokre gamle og kjende låtar, før dei runda av med Vera Lynn sin velkjende melodi, We’ll Meet Again. Om denne bodskapen var bevist retta mot dei som var i selskapet eller ikkje, skal ikkje me spekulere i, men me veit at Toralf har eit sterkt ynskje om å kunne stelle i stand eit større kulturarrangement på Tingvang for å samle lokale artistar og publikumarar, så snart dette er trygt og let seg gjere. Me skal nok snart møtast igjen og nyte meir god kultur, skal me tru Toralf.

Sjå pressemelding her:

https://www.oystre-slidre.kommune.no/nyheter/oystre-slidre-kommune-sin-kulturpris-for-2020-gar-til-toralf-baldersheim.11330.aspx