SMIL-midlar Spesielle miljøtiltak i landbruket

Søknadsfrist:15.juni 2018

Skjema får du på landbrukskontoret, eller via denne lenka: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/spesielle-miljotiltak/hvordan-soke

Øystre Slidre kommune har vedteke ein SMIL-strategi som gjeld for Øystre Slidre. Denne strategien bygger på nasjonale retningsliner, men gjev rom for ein del lokale tilpassingar. Det er i denne strategien prioritert å støtte tiltak som kan hindre ureining. Mange har gamle og verneverdige bygg, som treng eit vedlikehald om dei ikkje skal gå til grunne. Kommunen vil oppfordre dei som har slike bygg om å ta kontakt, slik at vi saman kan koma fram til løysingar som kan redde denne kulturarven. Vidare er det no eit sterkt prioritert område å nytte SMIL– midlar til mindre investeringsprosjekt på stølane. Dette gjeld t.d. bygging av mjølkerom, tilrettelegging for mjølkehenting og anna.

 

Kommunen prioriterer mellom ulike hovudområde, tema/tiltak eller grupper av søkjarar. Tilskotsprosenten for tiltak varierer innan ulike tema. Tiltak av plankarakter har høg prosent. Det same der den privat-økonomiske nytten er liten, men der samfunnsnytten er høg. For å stimulera til fellesløysingar er tilskotprosenten høgare der enn for enkelttiltak.

 

Meir informasjon på kommunen sin heimeside

Kontaktinfo

Gustav Fystro
Jordbrukssjef
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 91 00 44 68