Søk plass i SFO for neste skuleår

No kan du søkje plass i SFO for neste skuleår!

Det er tilbod om skulefritidsordning ved Lidar og Rogne skule. SFO er eit tilbod for elevar i 1.-4.klasse, og for elevar med særskilte behov i  5.-7. klasse. Ordinær SFO følgjer skuleruta.

Det må søkast om plass i SFO for kvart skuleår.

Lidar skule

Tilbod om SFO etter skuletid, kl.13.45 - 16.30. 

Rogne skule

Tilbod om SFO før skuletid, kl.07.30 - 09.00 og etter skuletid kl.14.35 - 16.30 (torsdagar kl.15.00 - 16.30).

Søk om plass i SFO

Du søker om plass i SFO frå foresattportalen, den har du tilgang til via appen "Min skole" eller som webversjon via lenka https://foresatt.visma.no/login/oystre-slidre

Når du søkjer om SFO må du angi i kommentarfeltet kva for dagar barnet skal ha SFO. Det er opningtida for SFO som er tellande for utrekning av opphaldstida. 

Pris og moderasjonsordningar

Her kan finn du utfyllande informasjon om SFO-tilbodet, pris og moderasjonar

Søknadsfrist

Frist for å søke plass i SFO for skuleåret 2023/24 er 1.mai