Statusrapport koronautbrotet i Øystre Slidre oppdatert 2. april kl 2030

Kommuneoverlege Arild Jacobsen kunne skjærtorsdag 1. april meddele at ytterlegare fire personar har testa positivt for Covid -19 i samand med smitteutbrotet i kommunen. Også desse fire har vore i smitte-/ventekarantene sidan fredag 26. mars.

Med dette har til saman tolv personar testa postivt for Covid -19 i samband med dette utbrotet sidan fredag, då vi fekk første melding om smitte. Blant dei smitta er eitt barn i Beito barnehage.

Sjølv om alle andre barn og tilsette i barnehagen har testa negativt, har kommunelegen bestemt at barna og dei tilsette framleis er i smittekarantene. Alle skal testast på nytt søndag 4. april, og vil bli frigjort frå karantene om dette testresultatet er negativt. 

Beito barnehage er stengt frå måndag 29. mars og inntil vidare. 

Tysdag 30. mars gjekk det ut melding til 157 personar om at dei var sett i ventekarantene. Dette var gjort av forsiktigheitsomsyn, men kommunen gjekk med dette lengre enn det som kan heimlast i den sentrale Covid -19-forskrifta, då det kun er husstandsmedlemmer og andre svært nære nærkontaktar som kan settast i ventekarantene.

Dei som vart sett i ventekarantene utan forskriftsheimel vart oppringt av kommunen 31. mars, og er no ute av karantene.

Når det gjeld husstandsmedlemmer, har kommunelegen bestemt at desse er i ventekarantene så lenge dei har eit husstandsmedlem som er i smittekarantene.

Per 31. mars kl 1230 var 70 personar i smittekarantene og 102 i ventekarantene i samband med dette utbrotet. Ingen nye vart sett i karantene som ein følgje av dei fire nye smitta som vart registrert 1. april.

For meir informasjon om reglane rundt isolasjon og karantene, kan du lese denne artikkelen.

Kommunen kan elles opplyse om at vi har anmeldt Beitostølen Barcraft AS for mogeleg brot på smittevernreglane i forkant av dette utbrotet.

Sjølv om ingen pasientar eller tilsette på helsetunet var berørte av utbrotet var avdelingane Juvike, Midthøgde og Smørkøll på Øystre Slidre helsetun stengt for besøkande til 2. april. Det er no opna opp att for besøk, men det må gjerast avtale på førehand.

Kommunen sette krisestab fredag 26. mars, og kriseleiinga har jamlege møter for å følgje opp situasjonen. Smittesporingsteamet i kommunen har hatt eit omfattande arbeid dei siste dagane. 

Vi vil oppdatere informasjonen på nettsidene om det er utvikling.

Ev. henvendingar frå media kan rettast til ordførar Odd Erik Holden, tlf. 952 11 068.