Stikk og stem - eit ekstra tilbod om førehandsrøystingNår du skal få vaksine kan du også nytte høvet til å førehandsrøyste i Øystre Slidre kommune. Vi har vaksinering kvar onsdag ettermiddag på Tingvang. Førehandsrøystinga er òg lokaliset på Tingvang. Når vi fyrst har så mange personar innom Tingvang til vaksinering, ynsker vi også å gje eit tilbod om å førehandsrøyste, seier ordførar Odd Erik Holden. Det vil bli mogleg å førehandsrøyste i samband med vaksinering onsdagar og ein torsdag framover. Ordninga gjeld frå og med 11.august til og med 8. september. Opningstid vil vere kl.16.00 - 18.15. Det er ikkje nødvendig å ta med valkort, men hugs legitimasjon. onsdag 18.august onsdag 25.august torsdag 26.august onsdag 1.september onsdag 8.september For dei som ynsker å røyste, kan dette gjerast etter at man har fått vaksina og observasjonstida er ute. Røystelokalet er i resepsjonen. Ordinære opningtider for førehandsrøysting kan du lese om her. Publisert 11.08.2021 13.35