Trygg påskeferie i Øystre Slidre!Øystre Slidre kommune er oppteken av å sikre innbyggarar, deltidsinnbyggarar og gjester ei trygg påskeferieperiode i kommunen. Vi ber alle setja seg inn i dei generelle råda som nasjonale helsestyresmakter har kome med. Å følgje desse råda nøye er det viktigaste tiltaket for å hindre spreiing av covid-19 viruset. Kommunestyret har vedtatt ei mellombels lokal forskrift som er gjort gjeldande for påskeveka (f.o.m. 26. mars t.o.m. 7. april), der det er innført munnbindpåbod i butikkar/kjøpesenter, serveringsstader, buss/taxi og ved innandørs arrangement (inkl. kyrkjelege handlingar). Det er også innført avstandskrav i samband med skiheisanlegg. Forskrifta kan lesast på kommunen sine nettsider og på lovdata.no. Vi venter stor tilreising til kommunen i samband med påskeferien. Av dei sentrale råda som er gjevne i samband med påskeferien, vil vi særleg minne om følgjande: Generelt: Dersom du kjem frå ein kommune med strengare smittevernreglar/-råd enn dei som gjeld i Øystre Slidre, ber vi deg om å følgje dei strengaste reglane/råda. Du bør begrense sosial kontakt mest mogeleg. Du bør unngå besøk av meir enn 2 personer. Dersom heimkommunen din ber deg om å unngå besøk, bør du følgje dette rådet. Velg helst utandørsaktivitetar. Unngå å oppsøke stader der mange er samla, og der det ikkje er lett å halde avstand. Gjer helst innkjøp på førehand, i heimkommunen din. Om du må handle, ber vi deg om at det berre er ein person om gongen som handlar. Prøv å handle på tidspunkt då ikkje alle andre handlar. Om du er i karantene, eller venter på prøvesvar, bør du ikkje dra på påskeferie, heller ikkje til eigen hytte. Det er elles viktig å minne om dei andre viktige smitteverntiltaka vi no kjenner så godt: Pass på å halde avstand (no er det to-meteren som gjeld) Hugs å sprite hendene, eller vaske hendene grundig med såpe og vatn Det aller viktigaste: Hald deg heime om du er sjuk Vi ønskjer alle som oppheld seg i Øystre Slidre ein god og trygg påskeferie! Helsing Odd Erik Holden, ordførar Jostein Aanestad, rådmann Arild Jacobsen, kommuneoverlege Sist endra 26.03.2021 11.43