Utvida frist for høyringsinnspel til kommunedelplan for helse og omsorg

Kommunedelplan for helse og omsorg har vore ute på høyring i tida 13.08-14.09. Plana skal handsamast i kommunestyret 04.11. 

Det kom svært få innspel så kommunestyrekomiteen for helse og omsorg har opna for å ta i mot innspel t.o.m. 26.10.21. 

Kommunedelplan for helse og omsorg skal legge til rette for utvikoing og yting av helse- og omsorgstenester i Øystre Slidre. Planen skal sikre eit godt og forsvarleg tenestetilbod i tråd med kva som er viktig for den einskilde og bidra til effektiv styring av tenestane og tilhøyrande ressursar. Planen er gjeldande for alle innbyggjarar, både dei som mottek helse- og omsorgstenester i dag og elles. Målsetjinga er god førebyggjing og god helse for alle.

Kom med innspel til planen

Sjå dokumenta i saken og korleis du kan koma med innspel til planen her.