Verdensdagen for sjølvmordsførebygging 10. september 2021

Tema for Verdensdagmarkeringen 2021 er: Å skape håp gjennom handling. 

Sjøvmord er noko av det mest hjarteskjærande som kan skje. Det er forståeleg at mange no hevar røysta for å kome med løysingar som kan gjere ein forskjell. Førekomsten av sjølvmord varierar gjennom åra, men i dag ser vi ei auke samenlikna med seinaste åra.

Sjølvmord og psykiske problem er ikkje sjukdomar. Årsakane til at mennesker strever i liva sine, er samensatte, og må sjåas i samenheng med livet som heilhet. Alle formar for belastningar mennesker erfarer må erkjennast og anerkjennast som primære årsaker til psykiske problem.

Helsetenesta må vere meir oppteken av å forstå det enkelte menneske og dets behov, enn å kartlegge og behandle symptomer.

Profesjonell hjelp skal være lett tilgjengelig når det er behov for det. Men, da i et samspel og med ei forståing om at fagfolk spiller ei lita rolle i eit større bilete, der problemet er livsbetinga, og ikkje ein sjukdom.

Psykisk helseteneste i Øystre Slidre

Øystre Slidre kommune har eit lågterskeltilbod i Psykisk helseteneste der alle kan ta kontakt som ynskjer det for ein samtale om sine problem, tankar og kjensle. Telefonnummer og e-postar til ansatte i tenesta finn du her.

Markering av Verdensdagen


Organisasjonen LEVE markerer Verdensdagen for sjølvmordsførebygging med lysmarkering på Universitetsplassen 10.september. Flere fylkeslag tenner også lys denne dagen, for ei nasjonal lysmarkering.

Ta kontakt

Ta kontakt gjennom https://leve.no/fylkeslag/oppland/hedmark.