Vi treng deg som frivilligØystre Slidre kommune går no aktivt ut for å få ei oversikt over frivillige som kan kontaktast ved behov for å avhjelpe pandemisituasjonen, kanskje spesielt på helse- og omsorgsområdet.Vi har ikke per i dag oversikt over om vi vil få eit slikt behov, eller kor stort dette behovet vil bli, men vi ynskjer å vere i forkant, og bed interesserte om å melde seg no. Bli med på dugnaden, dette vil bety mykje for mange.Du bør ikke sjølv ha vere i risikosona, sjå fhi.no om risikogruppeEksempel på oppgåver som kan vere aktuelle for frivillige å utføre: Varelevering til heimebuande i risikogruppa, eller andre som er i isolat eller karantene. Handlevenn for dei som ikkje kan handle matvarer sjølve. Ringe-venn for einsame og andre som kan ha glede av ein telefon. Andre omsorgsoppgåver som ikkje krev kompetanse som helsepersonell. Transportoppdrag av ulike slag. Gje informasjon til spesielle grupper som t.d. innvandrarar og eldre. Pass av barn der føresette har samfunnskritiske funksjonar (dette krev politiattest).Du kan registrere deg herYnskjer du å gjere ein dugnadsinnsats for innbyggarane i Øystre Slidre kommune, bruk registreringsskjemaet her!Når du har sendt inn registeringsskjemaet, vil Frivilligsentralen vere med å koordinere aktuelle arbeidsoppgåver.Alle må signere på teieplikt og får god informasjon om praktiske rutiner før arbeidet skal utførast.For meir info, ring Frivilligsentralen, tlf 97 60 57 55 (08-16 på kvardagar).HelsepersonellVi har ei eiga registrering for helsepersonell som ynskjer å stå som vikarar i dei ordinære tenestene våre. Sjå eigen informasjon og skjema for dette. Sist endra19.03.2020 15.21