DemensomsorgEttersom befolkninga blir eldre kjem det til å bli fleire med ei demensdiagnose. Øystre Slidre har som mål å bli ei demensvennleg kommune, slik at personar med demens og deira pårørande kan kjenne på tryggheit, friheit og meistring.Det å få ei demensdiagnose er ei tøff påkjenning både for ein sjølv, men også for dei som står ein nær som ektefelle, barn , familie og vener. Her på denne nettsida kan du finne informasjon om kva for tilbod kommuna har for dei som har fått ei demensdiagnose og kven som kan kontaktast før støtte og veiledning, både før og etter diagnose.Demenskontakt er eit lågterskeltilbod for personar med demens og deira pårørande. Demenskoordinator i Øystre SldireThora Ranum Nyhagen er demenskoordinator. Ho kan treffast onsdagar og torsdagar i tida kl.08:00 - 15:00. Kva kan demenskoordinator bidra med?Demenskoordinator er eit gratis lågterskeltilbod som kan bistå deg eller dine pårørande ved spørsmål eller mistanke om demens, og kan bistå med å knyte rette fagpersonar til dine behov. Hos demenskoordinator kan du få oversikt over tilbod i kommunen for personar med demens. Demenskoordiantor kan besøke lag og foreiningar for å undervise og informere om demens.Nyttig informasjon om demens, for pasient og pårørande Nyttig informasjon om demens finn du herHer finn du lenker til nettsider som kan gi god informasjon for deg som har ei demensdiagnose, for pårørande eller for deg som lurer på ting kring demens: https://www.helsenorge.no/sykdom/demens https://nasjonalforeningen.no/demens/ https://www.aldringoghelse.no/demens/ Hjelpetelefon Nasjonalforeningen for folkehelsen har ein hjelpetelefon for dei som har demens og deira pårørande, tlf. 23 12 00 40. Tilbod for personar med demens Informasjon om tilbodet ved VindestogoDu kan finne informasjon om tilbodet ved Vindestogo her Informasjonsbrosjyre VindestogoHer finn du informasjonsbrosjyre for tilbodet ved Vindestogo (PDF, 755 kB)Tilbod til personar med demenssjukdomØystre Slidre kommune har følgjande tilbod til personar med demenssjukdom:AvlastningstiltakInformasjon om avlastningstiltak finn du herHeimebaserte tenestarInformasjon om heimebaserte tenester finn du herTilrettelagt bustadInformasjon om tilrettelagt bustad finn du herInstitusjonsbaserte tenester (sjukeheim)Informasjon om institusjonsbaserte tenester finn du her Publisert 08.11.2023 13.18