Dagtilbod

I Øystre Slidre kommune har vi to tilbod om dagaktivitetar, Vindestogo og Treffpunkt Heggenes.

Vindestogo

Vindestogo er eit dagaktivitetstilbod for heimebuande som har hukommelssvikt grunna demens eller andre helseproblem som påverkar det kognitive. Her vil det vere aktivitetar som er tilpassa kvar einskild, det vil også bli servert frukost og lunsj.

 

 

Treffpunkt Heggenes

Treffpunkt Heggenes er eit dagtilbod for deg som er heimebuande, 70 år eller eldre. Her vil det vere moglegheit for aktivitetar og hjelp til daglege gjeremål. Det vil også bli servert frukost og lunsj.