Demensomsorg

Ettersom befolkningen blir eldre kjem det til å bli fleire med ei demensdiagnose,  Øystre Slidre kommune har eit mål om å bli ein demensvennleg kommune.

Det å få ei demensdiagnose er ei tøff påkjenning både for ein sjølv, men også for dei som står ein nær som ektefelle, barn , familie og vener. Her på denne nettsida kan du finne informasjon om kva for tilbod kommuna har for dei som har fått ei demensdiagnose og kven som kan kontaktast før støtte og veiledning, både før og etter diagnose.

Demenskontakt er eit lågterskeltilbod for personar med demens og deira pårørande.  Tenesta er gratis.

Demenskontakten i Øystre Sldire

Thora Ranum Nyhagen er demenskontakt. Ho kan treffast onsdagar og torsdagar i tida kl.08:00 - 15:00. 

Ei demenskontakt kan nyttast til:

  • Samtalar og veiledning etter demensdiagnose
  • Heimebesøk
  • Bistand til å finne vegen i støtteapparatet
  • Oversikt over tilbod i kommunen for personar med demens 
  • Samarbeid mellom ulike instansar ein har kontakt med
  • Besøke lag og foreiningar for å undervise og informere om demens

Vindestogo

Vindestogo er eit dagaktivitestilbod for heimebuande som har hukommelsessvikt grunna demens eller andre helseproblem som påverkar det kognitive. 

 

Nyttig informasjon om demens, for pasient og pårørande

 

Kontaktinfo

Thora Ranum Nyhagen
Demenskontakt
E-post
Telefon 90 91 42 78

Arbeidstid: onsdagar og torsdagar, 08:00 - 15:00