Ergoterapi

Beskriving

Ergoterapi skal hjelpe menneske i alle aldrar til å fungere optimalt i kvardagen når dei har utfordringar med å utføre kvardagsaktivitetar på grunn av sjukdom, skade eller annan funksjonsnedsetjing.

Ergoterapi omfattar blant anna

  • Trening av kvardagsaktivitetar eller andre ferdigheiter
  • Tilpassing av aktivitetar f.eks arbeidsvanar
  • Kompensering for tapt funksjon med tekniske hjelpemiddel
  • Tilrettelegging for aktiv fungering i heim og fritid
  • Rettleiing, informasjon og undervisning
  • Tilrettelegging og endring av bustad og/eller bustadplanlegging.

Ergoterapeutar er opptekne av: Kva for aktivitetar er viktige for deg?

Saman kan ein finne løysingar som kan gjera at ein kan leva eit aktivt liv og delta i samfunnet.

Kommunale ergoterapeutar har ansvar for vurdering av behov og søknad om hjelpemiddel (syn, høyrsel, kognisjon, bevegelse etc.).

Ergo- og fysioterapitenesta samarbeider tett med helsestasjonen, skule og barnehage

Informasjon om ulike hjelpemiddel

Målgruppe

Alle som på grunn av nedsett funksjonsevne har utfordringar med aktivitetar i kvardagslivet.

Kriterium

Kommunen vil gjere ei fagleg vurdering av behovet ditt for ergoterapi.

Pris

Tenesta er gratis.

Klage

Dersom du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.

Oppdatert

28.09.2017 13:59:43

Kontaktinfo

Ergoterapitenesta
E-post
Mobil 95 97 76 75

e-post: ergoterapitenesta@oystre-slidre.kommune.no

Berit K. Myrvang
Ergoterapeut (vikar)
E-post
Mobil 95 97 76 75

Berit er tilstades måndag - fredag.