Aktivitetshuset

Aktivitetshuset er eit dagsenter for funksjonshemma. Aktivitetshuset har i lang tid vori ein viktig del av aktiviseringstilbodet i kommunen. Brukarane driv med tekstilproduksjon og veksthus-aktivitetar. Huset har eit eige utsal for strikkearbeid og andre tekstilprodukt. Det er stor skilnad på alder og funksjonsnivå. Aktivitetshuset er ope 5 dagar i veka og har 9 faste brukarar.

Hovudmål:

Aktivitetshuset skal vere eit dagsenter som gjev akivitetstilbod til menneske med funksjonshemming. Aktivitetane er knytt mot tekstilproduksjon men skal utviklast vidare, til dømes produksjon av planter. Produkta skal seljast med ei forteneste. Vi skal gjennom eit strukturert miljø gje brukarane tryggleik, trivsel og faste rammer. Oppgåvene skal leggast til rette slik at kvar einskild brukar kan meistre dei utifrå sine eigne ressursar.
 

Aktivitetar:

  • Veving
  • Maskinstrikking
  • Saum
  • Montering
  • Veksthusaktivitetar og plantesal

Arbeids- og aktivitetsavdelinga drifter også 5 VTA-plasser der arbeidstakeren er tilsett i Valdres Arbeidssenter , med dei rettigheter og plikter det fører med seg.

Kontaktinfo

Øystre Slidre helsetun
Telefon 61 34 28 70
Rønnaug Lien
Aktivitetshuset
Telefon 90 04 85 60

Adresse

Vindevegen 5

2940 Heggenes

Kartpunkt