Øystre Slidre nasjonalparkkommune

Langsua nasjonalpark blei oppretta i 2011. Området strekker seg frå Gausdal i aust til Øystre Slidre i vest. I Langsua finn ein eit særprega lågfjell-landsskap med blandingsskog, våtmarker og fjelltoppar over 1600 m.o.h

Det er mange turmoglegheiter i Langsua, året rundt. Det er eit godt utval av stiar sommartid og både oppkøyrte og kvista løyper vinterstid. Det snille, men varierte terrenget gjer at området er svært barnevenleg. Dei to innfallsportane til Langsua nasjonalpark frå Øystre Slidre er Storeskag, her køyre du inn frå kommunesenteret Heggenes og følgjer skiltinga mot Yddin og opp til bommen ved Robøle, herifrå er det omtrent 17 km på grusveg inn til Storeskag. Den andre innfallsporten er Bjødnhølet. Då køyre du Jotunheimvegen (bom) og etter omtrent 17 km kjem du til Bjødnhølen. Her kan du krysse Vinsteren over ein demning og har dermed kort veg til Keisaren (1210 moh). Langsua nasjonalpark har eit rikt dyre- og fugleliv, og kulturhistorie knytt til stølsdrift, sanking og fangst.

Høgste topp i Langsua nasjonalpark er Skaget (1686 moh), dette er ein familievennleg topp. Her kan ein starte frå Storeskag. Turen er omtrentleg 7 km tur/retur og ein reknar omtrentleg 2 timar opp. Dette avheng av fart og form.

Haldorbu er ei sjølvbetjent turisthytte rett ved grensa til nasjonalparken. Det er 6 sengeplassar i hovudhytta og 10 i sikringsbua. Her kan ein starte frå Storeskag, turen inn tek omtrentleg 3 timar, avhengig av fart og form. Meir informasjon her .

Gråhøe er ein topp (1779 moh) på nordsida av Vinsteren og ligg mellom Langsua og Jotunheimen nasjonalpark. Her køyre du inn langs Jotunheimvegen, litt etter Haugseter vil du sjå skiltet til Gråhøe. På toppen vil du ha fantastisk utsikt over Langsua i sør og Jotunheimen i nord og vest. Er det god sikt vil også kunne sjå heilt til Rondane.

Rundmellen (1345 moh) kan kallas eit landemerke, den er lett synleg frå fleire plassar og lett å kjenne att. Turen er omtrentleg 5 km tur/retur og ein brukar omtrentleg 1,5 time opp, avhengig av fart og form. Viss ein kjem frå sør/Fagernes tek ein av etter omtrentleg 11 km mot Melbybråten. Etter 200 meter tar ein svakt høgre opp mot Køllstadvegen. Her skal ein forbi bommen. Etter omtrent 7 km frå bommen skal ein ta til venstre mot Turrsjøen og halde fram i 2 km, parkeringsplass på venstre side.

Har ein sykkel tilgjengeleg er mange av stølsvegane i inn mot nasjonalparken fine å ta seg rundt på. Ein kan m.a. ta turen langs Jotunheimvegen frå bommen ved Bygdin og sykle inn til Bjødnhølen. Den turen er omtrentleg 17 km lang ein veg. Ved Beitostølen er det eigen sykkelsti og syklar til leige.

Ein må alltid ha med kart og kompass på tur. I tillegg er varme klede, gode sko, tørt skift og litt mat og drikke veldig lurt å ha med seg. God tur!

 

Det er mange aktivitet- og opplevingstilbod i Øystre Slidre. Her kjem eit utval:


Beito Aktiv tilbyr guida aktivitetar, mellom anna fjellklatring, juvhopping, fjellturar og fiskeguiding og mykje meir. Dette er aktivitetar som føregår i og rundt Langsua og Jotunheimen nasjonalpark, meir info finn ein her. Beito Aktiv har fysisk tilhald i Velkomstsenteret på Beitostølen. Her er også turistinformasjonen lokalisert, og ei lita utstilling og informasjon om Langsua nasjonalpark som kommunen, som nasjonalparkkommune, står for.

Beito husky tilbyr hovudsakleg aktivitet med huskyar, sledekøyring på vinteren og slede med hjul på sommaren, men også guida kveldsturar i kano, eller fjellturar med huskysherpa for å nemne noko. Meir informasjon finn ein her

Myhre Gard tilbyr mellom anna turriding, fòring og stell av dyr og rideleirar. Meir informasjon her

Moahaugen gard ligg i Heggenes og sel lokal gardsmat produsert frå eigne dyr. Dei sel og anna lokalprodusert mat frå Valdres. Meir informasjon og plassering finn ein her

Øystre Slidre statsallmenning er ein statsallmenning som ligg i og rundt Langsua nasjonalpark. Øystre Slidre fjellstyre leige ut to hytter og har fem opne buer i og rundt Langsua-området. Det er også båtar til utlån som fjellstyre administrere. Meir informasjon om både sal av jakt- og fiskekort og utleige av hytter finn ein her

Det er mange serveringsstader i Øystre Slidre, som vil dekke dei fleste ynskjer; m.a. Jotunstogo, Peppes Pizza, Hytta mat og vinhus, Bygdin Høifieldshotel, Herangstunet Botique Hotel, Valdresflye 1389. På Beitostølen er det eit større utval av butikkar, dei fleste er opne kvar dag, også sundagar.

Dette er litt av kva Øystre Slidre kommune og Langsua nasjonalpark kan tilby. Det er mykje god informasjon på heimesidene til Visit Valdres eller hjå dei ulike tilbydarane.

Velkomen!