Fine fotturarar i Øystre Slidre nasjonalparkkommune

Det er mange turmoglegheiter i Langsua, året rundt. Det er eit godt utval av stiar sommartid og både oppkøyrte og kvista løyper vinterstid. Det snille, men varierte terrenget gjer at området er svært barnevenleg.

 

Innfallsportar 

Dei to innfallsportane til Langsua nasjonalpark frå Øystre Slidre er Storeskag, her køyre du inn frå kommunesenteret Heggenes og følgjer skiltinga mot Yddin og opp til bommen ved Robøle, herifrå er det omtrent 17 km på grusveg inn til Storeskag.

Den andre innfallsporten er Bjødnhølet. Då køyre du Jotunheimvegen (bom) og etter omtrent 17 km kjem du til Bjødnhølen. Her kan du krysse Vinsteren over ein demning og har dermed kort veg til Keisaren (1210 moh). Langsua nasjonalpark har eit rikt dyre- og fugleliv, og kulturhistorie knytt til stølsdrift, sanking og fangst.

 

Skaget

Høgste topp i Langsua nasjonalpark er Skaget (1686 moh), dette er ein familievennleg topp. Her kan ein starte frå Storeskag. Turen er omtrentleg 7 km tur/retur og ein reknar omtrentleg 2 timar opp. Dette avheng av fart og form.

 

Haldorbu

Haldorbu er ei sjølvbetjent turisthytte rett ved grensa til nasjonalparken. Det er 6 sengeplassar i hovudhytta og 10 i sikringsbua. Her kan ein starte frå Storeskag, turen inn tek omtrentleg 3 timar, avhengig av fart og form. Meir informasjon her .

 

Gråhøe

Gråhøe er ein topp (1779 moh) på nordsida av Vinsteren og ligg mellom Langsua og Jotunheimen nasjonalpark. Her køyre du inn langs Jotunheimvegen, litt etter Haugseter vil du sjå skiltet til Gråhøe. På toppen vil du ha fantastisk utsikt over Langsua i sør og Jotunheimen i nord og vest. Er det god sikt vil også kunne sjå heilt til Rondane.

 

Rundemellen

Rundmellen (1345 moh) kan kallas eit landemerke, den er lett synleg frå fleire plassar og lett å kjenne att. Turen er omtrentleg 5 km tur/retur og ein brukar omtrentleg 1,5 time opp, avhengig av fart og form. Viss ein kjem frå sør/Fagernes tek ein av etter omtrentleg 11 km mot Melbybråten. Etter 200 meter tar ein svakt høgre opp mot Køllstadvegen. Her skal ein forbi bommen. Etter omtrent 7 km frå bommen skal ein ta til venstre mot Turrsjøen og halde fram i 2 km, parkeringsplass på venstre side.

 

Sykkelturar

Har ein sykkel tilgjengeleg er mange av stølsvegane i inn mot nasjonalparken fine å ta seg rundt på. Ein kan m.a. ta turen langs Jotunheimvegen frå bommen ved Bygdin og sykle inn til Bjødnhølen. Den turen er omtrentleg 17 km lang ein veg. Ved Beitostølen er det eigen sykkelsti og syklar til leige.

Ein må alltid ha med kart og kompass på tur. I tillegg er varme klede, gode sko, tørt skift og litt mat og drikke veldig lurt å ha med seg. God tur!

 

Øystre Slidre statsallmenning er ein statsallmenning som ligg i og rundt Langsua nasjonalpark. Øystre Slidre fjellstyre leige ut to hytter og har fem opne buer i og rundt Langsua-området. Det er også båtar til utlån som fjellstyre administrere. Meir informasjon om både sal av jakt- og fiskekort og utleige av hytter finn ein her