Omfattande prosess og stort engasjement
Arbeidet med arealdelen har vore ein omfattande prosess med stort engasjement frå både innbyggjarar, naboar og offentlege instansar.
Kommunen har motteke ei rekkje innspel og merknader i løpet av planarbeidet. Alle innkomne innspel har vorte registrerte, vurderte og lagde fram for politikarane til den endelege saksbehandlinga. Det kom også totalt 19 motsegner frå ulike sektormyndigheiter, og alle desse vart løyst før det endelege vedtaket vart fatta.
Øystre Slidre kommune ønskjer å rette ein stor takk til alle som har bidratt med innspel og delteke i dialogen. Dykkar medverknad har vore viktig for å forme den nye arealplanen.
Kommunestyret sitt vedtak
«Kommunestyret vedtek arealdelen til kommuneplanen 2026-2038 med tilhøyrande plankart, føresegner og retningsliner. Vedtaket er fatta med heimel i plan- og bygningslova §11-15. Planen vert kunngjort, og trer i kraft frå kunngjeringsdato.»
Etter plan- og bygningslova § 11-15 tredje ledd kan kommunestyret sitt vedtak om kommuneplanen sin arealdel ikkje påklagast.
Dokumenta i saken
Kommuneplanen sin arealdel - kommunestyret si slutthandsaming (PDF, 189 kB)
Føresegner og retningliner til arealdelen av kommuneplanen finn du her (PDF, 2 MB)
Planomtalen av arealdelen av kommuneplanen finn du her (PDF, 3 MB)
Plankart i nettversjon finn du her
Veiledning til plankartet kan du lese her (PDF, 636 kB)
Heilskapeleg konsekvensutgreiing finn du her (PDF, 94 kB)
Konsekvensutgreiing av arealbruksendringar finn du her (PDF, 10 MB)
ROS-analyse finn du her (PDF, 137 kB)
Spørsmål om arealdelen av kommuneplanen?
Spørsmål kan sendast i e-post til: tone.snortheim@oystre-slidre.kommune.no
Tidlegare dokumenter i arbeidet med kommuneplanen
Alle dokument i saka finn du her i arkivsak 2021/808
Dokument som ligg til grunn for arealplanen
Temanotat, vurdering av innspel og moglegheitsstudia kan du lese på temasida for KPA