Kommunestyret fatta følgjande knytt til vidare prosess:
1. Kommunestyret sluttar seg til arealdelen av kommuneplanen 2026-2038 med tilhøyrande plankart, føresegner og retningsliner slik dette er tilrådd frå formannskapet og med dei endringane som vart vedteke i møtet.
2. Kommunestyret viser til brev frå Statsforvaltaren dagsett 21. mars og kan ikkje akseptere Statsforvaltaren sitt framlegg til løysing av motsegna om resipientkapasitet ved å redusere omfanget av fritidsbustader i planen.
3. Kommunestyret set ned følgjande forhandlingsutval for meklinga med Statsforvaltaren: Bjarne Budal, Odd Erik Holden, One Enerud og Tor Oxhovd.
4. Forhandlingsutvalet skal legge brev frå kommunen til Statsforvaltaren dagsett 6. feb. 2026 til grunn for meklinga. Forhandlingsutvalet skal søke å oppnå semje med Statsforvaltaren gjennom endringar i føresegner og planomtale, og ikkje gjennom endringar i plankartet.
Dokumenta i saken
Saksframlegg til kommunestyret 26.03.2026 (PDF, 124 kB)
Føresegner og retningliner til arealdelen av kommuneplanen finn du her (PDF, 2 MB)
Planomtalen av arealdelen av kommuneplanen finn du her (PDF, 3 MB)
Plankart i nettversjon finn du her
Veiledning til plankartet kan du lese her (PDF, 636 kB)
Heilskapeleg konsekvensutgreiing finn du her (PDF, 94 kB)
Konsekvensutgreiing av arealbruksendringar finn du her (PDF, 10 MB)
ROS-analyse finn du her (PDF, 137 kB)
Spørsmål om arealdelen av kommuneplanen?
Spørsmål kan sendast i e-post til: tone.snortheim@oystre-slidre.kommune.no
Tidlegare dokumenter i arbeidet med kommuneplanen
Alle dokument i saka finn du her i arkivsak 2021/808
Dokument som ligg til grunn for utkastet til arealplanen
Temanotat, vurdering av innspel og moglegheitsstudia kan du lese på temasida for KPA